I haust er det kyrkjeval. Valdagen er 11. september. Det er mogleg å førehandsrøysta frå 10. august.
Kyrkjeval
11.september er det kyrkjeval.
Det skal det veljast nye representantar til sokneråda (lokalt) for perioden 2023-2027.
Det er samstundes også val til Bispedømerådet (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt).
Det blir mogleg med digital førehandsrøysting frå 10.august til 6. september på www.kirken.no
Ein kan førehandsrøyste på Rådhuset:
Onsdag 16.08.23 kl. 12.00-14.00
Onsdag 23.08.23 kl. 12.00-14.00
Torsdag 31.08.23 kl. 15.00-20.00
Onsdag 06.09.23 kl. 12.00-14.00
Ein kan førehandsrøyste etter gudstensta i:
Bømlo kyrkje 20.08.23
Lykling kyrkje 27.08.23
Bremnes kyrkje 10.09.23
Moster kyrkje 10.09.23
Her blir det høve til å stemma på valdagen mellom klokka 10.00-21.00:
For Bremnes sokn:
Meling Skule
Gilje Skule
Svortland Skule
Rubbestadneset Skule
For Lykling sokn:
Våge Skule
For Bømlo sokn:
Langevåg bygdatun
For Moster Sokn:
Foldrøy Skule
Moster Skule