Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Drop-in-bryllup


14. februar er sjølvaste Valentinsdagen, dagen for kjærleiken. Kva passar vel betre enn å feira dagen med å gje kvarandre sitt ja?

Har de kanskje snakka om å gifta dykk, men aldri fått det heilt til å passa? Eller har de lyst til å gifta dykk, men ønskjer å gjera det enkelt? Då er drop-in-bryllaup noko for dykk!

14. februar er sjølvaste Valentinsdagen, dagen for kjærleiken. Kva passar vel betre enn å feira dagen med å gje kvarandre sitt ja?

Drop-in-bryllaup er ein heilt enkel vigselsseremoni i kyrkja. Å bli vigd i eit Drop-in-bryllaup er enkelt, men like stort som å bli vigd i eit vanleg bryllaup i kyrkja. Når ei kyrkje inviterer til drop-in-bryllaup, krevst det inga påmelding.

Bremnes kyrkje opnar dørene for Drop-in-bryllaup! Me ønskjer at par kan feira kjærleiken og inngå ekteskap i ei enkel og høgtidleg ramme. Me stiller med flott musikk, Bømlo Gospel og solistar, dersom de ønskjer det. Me kan og stilla med festpynta vitne (dersom forlovarar ikkje skal vera med).

Etter seremonien ordnar me ekstra fin kyrkjekaffi, viss ein ønskjer å feira litt etter seremonien.

Når de kjem til kyrkja, vil de først få ein kort samtale med ein av prestane på Bømlo. I samtalen leverer de inn gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten, og vel musikk ut frå oppsette alternativ. Vigsler vil gå føre seg fortløpande, men det er også mogleg å reservera eit konkret tidspunkt ved å kontakta sokneprest Laila Hansen Røksund innan 19. januar.

Drop-in-bryllaup kan gjennomførast heilt utan gjester, med dei næraste eller med fullt hus. Det bestemmer de sjølve!

Før vigsla:
Søk om prøvingsattest og forlovarerklæring. Dette må vera på plass for at vigsla skal kunna gjennomførast. Skatteetaten sine nettsider: https://www.skatteetaten.no/skjema/provingsattest/

Pris:
Det er gratis å gifta seg i kyrkja der ein bur, dersom minst ein i paret er medlem i Den norske kyrkja.

Passar ikkje datoen?
Hugs at det alltid er mogleg å be om ein enkel vigselsseremoni ved å ta kontakt med kyrkja der du bur.

Ta gjerne kontakt med:
Sokneprest Laila Hansen Røksund
Laila.Hansen.Roksund@bomlo.kommune.no
Telefon: 95 24 51 82 

Tilbake