Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Londontur for 17-åringar 2026


Hei! Det er no fullteikna på turen til London for 17-åringar. 

Bli med kyrkjelydane på Bømlo til London.

Dette er for deg som blir 17 år i 2026, og som er tilhøyrande i Bømlo kommune. Tidspunktet for turen vert 25. juni - 28. juni 2026.

Her er invitasjonen som er sendt til alle som blir 17 år i 2026: Invitasjon Londontur

Påmeldinga opnar 2. januar 2026 kl. 09.00. Bindande påmelding innan 31. januar 2026

Det er maks 44 plassar på turen.

Kyrkjeleg undervisning og læring skal vera eit tilbod til alle, uavhengig av funksjonsevne. Økonomi skal heller ikkje vera ein ekskluderande faktor. Difor vert det lagt til rette for å kunna søkja støtte til turen. Kor stor del av kostnaden som vert gitt støtte til, blir vurdert for kvar enkelt søknad.

Ein eventuell søknad skal innehalda:

  • Namn på ungdommen det gjeld
  • Grunngjeving av behov for økonomisk støtte

Send søknad til liv.merete.pedersen@bomlo.kommune.no innan 18. januar 2026

 

Me håpar mange 17-åringar blir med på tur!

Tilbake