Bømlo kyrkjelege fellesråd > Artikler > Artikkeldetaljer


Venskapskyrkjelyden til Bømlo i Sangaste i Estland


Her kan du lesa om misjonsprosjektet til kyrkjelydane i Bømlo - venskapskyrkjelyden i Sangaste i Estland.

Samanbrotet i Sovjetsamveldet i 1991 og førebuinga til 1000-årsjubileet i 1995 fall saman. Etter at Estland, Latvia og Litauen vart sjølvstendige i 1991, sende Mellomkirkelig råd ut ei oppmoding til alle kyrjelydane i landet vårt om å inngå ein venskapsavtale med ein kyrkjelyd i ein av desse randstatane. I 1993-94 drøfta hovudkomiteen for 1000-årsjubileet denne saka etter initiativ frå dagleg leiar Morten Eriksen og sokneprest Gunnvald Bjotveit. Kva gjorde at Estland vart vald? Var der ein link til 1000-årsjubileet? Frå historia var det kjent at kong Olav Trygvason vart seld som trell i Tallinn for prisen av ein halv gris medan han var på flukt der saman med mor si.

Sokneråda på Bømlo stilte seg bak ideen og søknad gjekk til Mellomkirkelig råd som plukka ut Sangaste kyrkjelyd sør i Estland på grensa til Russland. Kontrakt vart underskriven av båe partar og venskapssamarbeidet var på plass.

Fyrste besøket i Sangaste var Palmesundagshelga 1995. Forventingsfulle utsendingar var Håkon Johannes Staveland, Halldis Bjørkum, Olga Kårbø, Gunn Stensen og Kristian Johnsen. Ei svært minnerik gudsteneste med konfirmasjon. Stor glede og oppslutnad i kyrkja etter frigjeringa. Presteparet Ivo og Riina var offisielle gjester under 1000-årsjubileet på Moster i pinsa 1995.

Fyrste takkofferet til Sangaste kyrkjelyd var juleaftan 1995 til nye omnar i ei elles steinkald kyrkje. Seinare har nye golv i kyrkja og koret, nye vindauga, opprusting av sakristiet kome på plass. Reperasjon av taket på prestebustaden og tilrettelegging av kyrkjekontor i ein fløy av prestebustaden er kome til. Orgelet i kyrkja vart øydelagt under krigen då kyrkja vart nytta til rekrasjonsstad for skadde soldatar.. Det vart sett i stand i 2000 med god støtte av organist Ole Johan Sortland og kantor Ivar Molde.

Vidare har støtta gått til generelt kyrkjelydsarbeid som sundagsskule, diakonalt arbeid, barneleirar, Alpha-kurs og støtte til 4 prestestudentar som hadde stoppa opp i studiet sitt på grunn av økonomien. Alle fullførte. Og frå 2011 årleg ungdomsleir på leirstaden Marja Talu med god støtte av kristne ungdomar frå Bømlo saman med sokneprest Aksel Lygre og gode hjelparar frå Estlandskomiteen. Fleire unge har vorte kristne, døypte og konfirmerte. Det har vore med å auka oppslutnaden om gudstenesta i Sangaste.

Kyrkjelydane på Bømlo har vore på kyrkjelydsturar til Sangaste i 1996. 2000, 2005, 2010 og sist 2019. Kyrkjelydstur tilbake frå Sangaste og grupper med medarbeidarar har vi tatt imot. I mange år har leiarar og ungdom kome til oss i mars for å planleggja ungdomsleiren.

Estlandskomiteen opplever dette som eit ekte misjonsprosjekt og kjenner på stor glede og ansvar for at det kan gå vidare. Då treng vi vidare støtte og oppslutnad frå kyrkjelydane på Bømlo. Det er plass for deg i dette gode arbeidet! Ta gjerne kontakt.

Estlandskomiteeen på Bømlo.

Tilbake