Ingvild Habbestad og Trond Kjelsås spelar frå sitt første album med nyskrivne låtar for nøkkelharpe og trøorgel/tangentar.
Møtet med lyden av nøkkelharpa er det få som går uberørt frå. Den såre, ærlege songen frå melodien, understrengane sitt klangrom og klakkinga frå mekanikken blandar seg til ei lyttaroppleving som tar snarvegen rett inn i hjarta og sjela. Låtane på Blikstilt er skapte med utsikt over sjøen, og med dei svenske skogar som bakteppe. Dei er fulle av bølgjeskvulp, suset frå furutrea og glitringa på vatnet. Men først og fremst er dei fulle av ro. Ingvild Habbestad sine melodiar vandrar på folkemusikken sine stiar, av og til på, av og til utanfor. Trond Kjelså sine arrangement kler melodiane med klangar frå nøkkelharpa sjølv, med klassiske folkemusikkgrep og med element frå jazz.
Ingvild Habbestad - nøkkelharpe
Trond Kjelsås - tangentar
Fri entré