Laurdag 1.november kl.18:30 framfører Bergen Domkor heile to rekviem-messer i Bremnes kyrkje: Maurice Duruflés Requiem (1948) og norgespremiere av Matthew Coleridges Requiem (2016)
Duruflés Requiem tør vera kjent for mange, og Bergen Domkor har også framført dette tidlegare. På denne konserten får me høyra versjonen for kor, orgel og solo cello. Det er sett som eit av dei kyrkjemusikalske mesterverka frå det 20. århundret. Requiem blei komponert i krigstider, fra 1941 til 1947, og Duruflé skal sjølv ha sagt om denne dødsmessa at det ikkje handla om ei overjordisk lausriving frå dei jordiske bekymringane. I staden er det ei bøn i smerten si stund. Duruflé tileigna rekviemet til sin avdøydde far. Musikalsk er stykket basert på gregoriansk musikk, og komponisten brukte sin bakgrunn som korgut i Rouen-katedralen til å utvikla sitt eige særeigne tonespråk som får merkelappar som «impresjonistisk» og «nyklassisistisk».
 
Matthew Coleridge sitt Requiem har allereie fått tilnamnet «moderne klassikar», og er eit av Storbritannia sitt mest framførte nye korstykker. No blir det altså framført i Noreg for første gong, i versjonen for kor, orgel og solo cello. I likskap med Duruflé har Coleridge lagt vekt på dei flytande rørselene og kontrasten mellom det lavmælte i melodiane, det håpefulle og det intense og smertelege. BBC Music Magazine har sagt om denne messa at den «reaches into the soul and lifts it skyward». 
 
I ei tid med uro og fortviling blir desse to dødsmessene sin bodskap om håp ekstra viktig. Bergen Domkor ser fram til at publikum får oppleva både ein eldre og ein ny klassikar.
Medverkande:
Bergen Domkor
Sigurd Melvær Øgaard, orgel
Kjetil Almenning, dirigent
 
Billettar kan kjøpast her: Konsert med Bergen Domkor