Har du lyst å bli med på pilegrimstur? Onsdag 2. juli - søndag 6. juli blir det pilegrimstur frå Moster.
2.-6. juli 2025 arrangerer kyrkjelydane på Bømlo pilegrimstur. Turen går frå Moster vidare til Halsnøy, Skånevik, Etne og endar opp i Røldal.
Vel framme i Røldal får me blant anna oppleva Røldalsspelet "Den lange vegen" - ein moderne musikal om pilegrimsvandringane til Røldal i åra 1230 til 1835. Billett til spelet er inkludert i deltakaravgifta.
Her er lenkje til program med meir informasjon: Pilegrimstur 2025
Påmelding innan 23. mai 2025 til Sissel Fylkesnes Våge
e-post: sissel.vage@bomlo.kommune.no eller tlf: 99 32 58 20
Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.