Tru:D 9 + - Supersamling
 


Tru:D 9+ Supersamling

 

 

 

 

Dei to første kvardagane i sommarferien inviterer me til Supersamling i Bremnes kyrkje for niåringar. 

Supersamling er to heile dagar med variert program frå morgon til ettermiddag. Det vert samlingar i kyrkja, og tur i nærområdet, både på sjø og land. 

 

I Bibelen kan me lesa om fleire superheltar, og desse to dagane skal me bli kjende med nokre av dei.

 

Måndagen kan ein vera på Supersamling i tidsrommet kl. 08.00-15.00, tysdagen frå kl.08.00-14.30. Me treng hjelp frå nokre vaksne (foreldre, fadrar eller besteforeldre)  som kan vera med på små praktiske oppgåver. Kryss av for dette ved påmelding.

 

Når du melder barnet på, er det fint om du kryssar av for kva klokkeslett du vil levera og henta barnet. Då kan me planleggja bemanninga desse dagane best mogleg 


Supersamlinga har ei grense på 40 deltakarar.
 
 
Spørsmål rettes til:
14. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando