Tru:D 3 - Krøllekveld
 


Tru:D 3 - Krøllekveld
Krøllekveld er ein del av trusopplæringstilbodet i kyrkjene på Bømlo. Krøllekvelden håpar me kan verta ei hyggeleg stund i kyrkja for deg og barnet ditt. Me legg vekt på song, rørsle, forteljing og sosialt samvær denne kvelden. Saman skal me lesa og høyra ei forteljing om ein liten sau som gjekk seg vill. 
 
Kyrkja ønskjer å støtta og hjelpa deg som forelder i å oppdra barnet i den kristne trua, slik de sa ja til då barnet vart døypt. 
 
Gjennom Krøllekvelden ynskjer me å gi deg som forelder lyst til å lese og reflektere med barnet ditt rundt mange av dei spennande forteljingane ein finn i Bibelen. 
 
 
 
 
Spørsmål rettes til:
18. november 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando