Tru:D 17 - London-tur
 


Tru:D 17 - Londontur

Bli med kyrkjelydane på Bømlo til London. Dette er eit tilbod for alle som vert 17 år i kvart kalenderår.

London er spennande og har mykje å by på. Me tenkjer oss ein tur som inneheld byvandring, musikal, kyrkjebesøk, møte med det sosiale arbeidet i byen, besøk i den norske sjømannskyrkja, treff med norske utanlandsstudentar og sjølvsagt shopping.

 

Tidspunktet for turen er i juni, dei tre siste skuledagane før sommarferien. Når det gjeld skulefråver; me samarbeider med dei vidaregåande skulane på Bømlo. 

 

Me vil ha ei kveldssamling i løpet av våren for dei som melder seg på turen.

 

Påmeldinga opnar 16.januar kl.9.00. Bindande påmelding innan 31.januar 2020. Ca pris kr 4.000 for reise, opphald med frukost og musikalbillett. I tillegg kjem utgifter til mat og lommepengar.

 

 

14. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando