Bømlo kyrkjelege fellesråd > Musikk/Kor > Bømlo Gospel
 


Bømlo Gospel


Bømlo Gospel er det nyaste koret vi har på Bømlo. Det vart starta opp hausten 2014 etter at det før sommaren vart oppretta ei gruppe på facebook for å finne ut om det var noko interesse for eit nytt gospelkor på øya. På først øving, 10. september 2014, var det samla 70 gospelglade bømlingar i Lykling kyrkje. Noko som var over all forventning for initiativtakarane. Koret har øving anna kvar mandag kl. 19.00 til 21.30 i Bremnes kyrkje. Sjølv om koret er svært nytt har det allereie vore med på storslott Gospelkonsert med Gaither legenda Russ Taff i Bremnes kyrkje, dei har hatt eigen romjulskonsert og i mars 2015 arrangerte dei Andraé Crouch Tribuet konsert med Terje Kleppe som samarbeidspartner. 

Koret er ope for alle som har vanleg musikalsk gehør, har sangstemme og vil synge i kor. Koret har per dags dato såpass stort medlemstal at det har valt å kun ha opptak av menn, dette for å styrke tenor og bass rekka, men det er mogeleg for alle å sette seg opp på inntaksliste. Føremålet til koret er å skape musikalsk glede for både medlemer og tilhøyrarar, og koret ynskjer å formidla den kristne bodskapen gjennom song og musikk.  

Visjon for Bømlo Gospel er som følgjer:
Me har som mål å skape musikalsk glede for både medlemer og tilhøyrarar, og me er eit kor som formidlar den kristne bodskapen gjennom song og musikk. 
Kontakt oss
 Bømlo kyrkjelege fellesråd
 Leirdalen 1     
 5430 Bremnes
 Telefon: 53 42 32 90
 Send e-post 
 Opnings- og telefontid: 09:00 - 15:00
14. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando