Moster Gamle Kyrkje
 


Moster Gamle Kyrkje



Byggeår:  ca. 1100 
Stad: Mosterhamn 
Sitjeplassar: 100 

Verd å sjå: Alteret er murt i stein, og er frå ca 1000. Preikestol frå 1637, døypefont frå 1722, kyrkjeklokke frå 1225. Ein kan også sjå kalkmåleri frå 1600-talet.

Lenge trudde ein at kyrkja på Moster var landets eldste.  Ein trur no at kyrkja er bygd på det hovet som Olav Trygvasson lot brenna, og at det har stått ei trekyrkje her før dagens steinkyrkje vart bygd. Kyrkja er bygd i fleire etappar, og har vorte ein del ombygd og reparert opp gjennom tida, m.a. vart taket skifta i 1896. Vindauga er også endra, truleg kring reformasjonen, for å få meir lys inn i kyrkja.

Les meir om Mellomalderkyrkja på Moster.

Kontakt oss
 Bømlo kyrkjelege fellesråd
 Leirdalen 1     
 5430 Bremnes
 Telefon: 53 42 32 90
 Send e-post 
 Opningstider: 09:00 - 15:00
Her finn du kyrkja:
15. november 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando