Luthersk song og musikk i 500 år
Luthersk song og musikk i 500 år

Songkveld i Bømlo kyrkje og Moster kyrkje   

Som kjent markerer Den norske kyrkja at det i år er 500 år sidan Luther slo opp dei 95 tesene på slottskyrkjedøra i Wittenberg og reformasjonen tok til. Reformasjonen skulle bli ei skjelsetjande hending i europeisk historie. På det musikalske området var òg verknadene av reformasjonen omfattande. Som ein del av reformasjonsmarkeringa, vil Bømlo kyrkjekor og Moster kyrkjekor gi nokre smakebitar frå kyrkjemusikkhistoria frå reformasjonen og fram til våre dagar. Solist desse kveldane er Karsten Nesse.

Tidspunkt for songkveldane er:

Bømlo kyrkje søndag 24. september kl 19.00

Moster kyrkje onsdag 27. september kl. 19.00

 

  Kommentarer


11. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando